Det Norske Teatret

Krigsdebatt - Krigens vondskap

Informações:

Synopsis

Ein debatt om krigens vondskap. I panelet: Hans Fredrik Dahl og Arne Johan Vetlesen. Opptaket er gjort under den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong.«Jeg er uskyldig» var dei siste orda Vidkun Quisling sa før han blir avretta 24. oktober 1945. Partiføraren i Nasjonal Samling var viss på at han ville dø martyrdøden – som eit offer i ei høgare politisk-religiøs saks teneste. Om ein handlar i god tru, kan det da vere vondskap? Og er det riktig å tilgje menneske som gjer forferdelege gjerningar?Hans Fredrik Dahl er historikar og professor ved Universitetet i Oslo. Han har brei kjennskap til andre verdskrigen, og har skrive biografien om Quisling. I tillegg har han skrive om den norske nasjonalsosialismen, og boka Norsk krigsleksikon.Arne Johan Vetlesen er filosof og professor ved Universitetet i Oslo. Han har mellom anna gitt ut boka Studier av ondskap der han tek for seg omgrepet vondskap med utgangspu