Det Norske Teatret

Informações:

Synopsis

Her får du reportasjar frå kulissane, den faste fredagssamtalen med regissørar og skodespelarar og introduksjon til aktuelle framsyningar.Podcastane skal gi deg eit innblikk i prosessane som leiar opp mot ei ferdig teaterframsyning, ein betre kjennskap til alle dei kreative sjelene på huset og skape eit bakteppe til framsyninga du skal sjå.

Episodes

  • Institusjonen snakkar om Heddadagene 2017

    02/03/2017 Duration: 20min

    Fire teatersjefer møttest på Oslo Nye for å snakke om kva Heddadagene eigentleg er. Er det ein festival? Mønstring? Kan ein sjå teater ute? Kva skjer eigentleg? Svara får du i denne podden! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen møter Edda!

    28/02/2017 Duration: 24min

    Korleis går ein fram når ein skal gjere dei norrøne gudane til homoerotiske glamrockere? Høyr sjefen for maskeavdelinga og kostymeansvarleg på Edda fortelje om korleis det er å visualisere verket til ein av verdas største regissørar! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Ti på to med Kjersti Dalseide og Pål Christian Eggen

    23/02/2017 Duration: 30min

    Vi tok med Pål Chrstian Eggen og podcaststudioet inn i garderoben til Kjersti Dalseide. Vi gav dei to krukker med spørsmål og lukka døra. Det resulterte i ein prat om det dei er stolt av livet, replikkar som har sett seg og om isbjørnar utan pels! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Innsikt til Inkognito med Kaja Nordengen

    06/02/2017 Duration: 24min

    Kaja Nordengen brukar karakterane og historiene i Inkogntio som underlag når ho i denne introduksjonen fortel kvifor hjernen gjer som den gjer. Kva gjer Einstein til eit geni, og kvifor tek hjernen også dårlege val? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen om Det er Ales

    25/01/2017 Duration: 36min

    Jon Fosse sitt verk, Det er Ales, er i hendene på ein italienar når den kjem på scene 3 i januar. I denne samtalen blir du betre kjend med regissøren Gianluca Lumiento og skodespelaren Maria Sand. Dei har turnert med framsyninga i Italia og er no klar for å gjere både ein norsk og ein italiensk versjon på Det Norske Teatret! Les meir om framsyninga:http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/det-er-ales/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Innsikt til Inkognito med Peer Perez Øian, Hilde Østby og Ylva Østby

    24/01/2017 Duration: 33min

    Regissør for framsyninga Inkognito, Peer Perez Øian, samtalar med forfattar og journalist Hilde Østby og nevropsykolog Ylva Østby, som har skrive boka Å dykke etter sjøhester - en bok om hukommelse. Dei snakkar om kollektiv hukommelse, arv og miljø og kva som kan skje med hjernen når ein er deprimert eller opplever noko traumatisk. Les meir om Inkognito:http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/inkognito/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen møter Erik Hivju og Marit Råbu om Overføring

    06/01/2017 Duration: 28min

    Kan psykologisk forskning bli godt teater? Og kva er likskapen mellom det å vere psykolog og det å vere skodespelar? Høyr skodespelar Erik Hivju og psykoterapeut Marit Råbu i fredagssamtalen!Erik Hivju er aktuell i Overføring på scene 2: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/overforing/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Innsikt til Songfuglen med Sandra Kolstad og Peer Perez Øian

    29/12/2016 Duration: 43min

    Peder Kjøs i samtale med regissør Peer Perez Øian, dramatikar Demian Vitanza og komponist Sandra Kolstad i Bikuben før Songfuglen. Les meir om framsyninga: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/songfuglen/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Geir Kvarme og Erik Ulfsby i julepodden!

    23/12/2016 Duration: 28min

    Skodespelar Geir Kvarme og teatersjef Erik Ulfsby om teater, litt politikk - men mest jul! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Bjørn Sundquist og Kyrre Hellum

    22/12/2016 Duration: 38min

    Kyrre Hellum fortel om sjela i teateret og kva som gjer Beckett til ei gåve for han som skodespelar, Bjørn Sundquist gir oss ein av yrkesløyndommane sine og fortel korleis overgangen frå skodespelar til regissørstolen har vore! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Krigsdebatt frå Andre Verdskrigen - Tyskarjenter og skyggebarn

    30/11/2016 Duration: 34min

    Forfattar Trude Teige, kulturhistorikar Anne Herresthal og leiar for organisasjonen SEIF Gerd Fleischer om dei som blei forelska i fienden. Opptaket er frå framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel undervegs med ulike tema kvar gong. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Frank Kjosås og Kristoffer Olsen om The Book of Mormon!

    25/11/2016 Duration: 28min

    Institusjonen med Frank Kjosås og Kristoffer Olsen om The Book of Mormon! by Det Norske Teatret Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Heidi Gjermundsen Broch og Tor Ivar Hagen om laust og fast

    11/11/2016 Duration: 34min

    Heidi Gjermundsen Broch og Tor Ivar Hagen om laust og fast by Det Norske Teatret Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Are Kalvø på scenen - boklansering i Bikuben

    03/11/2016 Duration: 38min

    Ei sprelsk boklansering med songutdrag frå 1000 år og like blid, Norge-Brasil og Halve Kongeriket - som no er fint samla i boka Are Kalvø på scenen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Peer Perez Øian og Ola G. Furuseth

    28/10/2016 Duration: 35min

    Åsne Dahl Torp tok ein prat med regissør Peer Perez og skodespelar Ola G. Furuseth dagen før premieren deira på Inkognito! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Teatersjef Erik Ulfsby og dramaturg Ola Bø om repertoaret våren 2017

    26/10/2016 Duration: 32min

    Ein samtale om korleis eit repertoar blir til og kva tankar som ligg bak vårens framsyningar! Få ein oversikt over teatervåren her: http://www.detnorsketeatret.no/artiklar/her-er-programmet/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Stein Torleif Bjella og Kjersti Dalseide på Ål stasjon!

    20/10/2016 Duration: 28min

    Vi tok oss ein tur til Ål for å snakke litt med Kjersti Dalseide og Stein Torleif Bjella på Ål stasjon. Der fekk vi vite kvifor Ål alltid vil vere i hjartet deira og kor mykje Stein Torleif gler seg til at nettopp Kjersti skal vere ein av dei som syng songane hans på Hovudscenen i vår. Les meir om framsyninga:http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/kan-nokon-gripe-inn/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Madame Nielsen med introduksjon til Festning Europa i Bikuben

    17/10/2016 Duration: 44min

    Høyr den danske forfattaren Madame Nielsen i samtale med dramaturg Anders Hasmo om flyktningstraumen i Europa og korleis dette teamet blir synleg i kunstfeltet - no i framsyninga Festning Europa og Nielsen si bok. Les meir om framsyninga her: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/festning-europa/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Jon Fosse og Trine Wiggen i Grotten!

    10/10/2016 Duration: 41min

    Regissør Trine Wiggen sett opp Jon Fosse sin Draum om hausten på Hovudscenen - tidleg i oktober tok ho seg ein tur opp i Grotten for å snakke med Fosse sjølv om nett dette, og mykje meir!Les meir om Draum om hausten her: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/draum-om-hausten/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Olaf Aagedal med ein introduksjon til Etterlyst:Jesus

    28/09/2016 Duration: 22min

    Olaf Aagedal er sosiolog og har forska på bedehuskulturen. I framsyninga Etterlyst:Jesus fortel Bjørn Eidsvåg om korleis det var å vekse opp i eit lokalsamfunn der nettopp bedehuset var samlingspunktet for lokalbefolkninga. Meir om framsyninga: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/etterlyst-jesus/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

page 3 from 4