Det Norske Teatret

Informações:

Synopsis

Her får du reportasjar frå kulissane, den faste fredagssamtalen med regissørar og skodespelarar og introduksjon til aktuelle framsyningar.Podcastane skal gi deg eit innblikk i prosessane som leiar opp mot ei ferdig teaterframsyning, ein betre kjennskap til alle dei kreative sjelene på huset og skape eit bakteppe til framsyninga du skal sjå.

Episodes

  • Institusjonen med Trine Falch og Ingvild Holm

    23/09/2016 Duration: 33min

    Det nærmar seg premiren på Draum om våren på scene 3 - høyr kva regissørane seier om si første oppsetting på Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Krigsdebatt - 15 år etter terrorangrepa i New York

    16/09/2016 Duration: 44min

    I panelet: Ole Torp, Sverre Diesen, Janne Haaland Matlary og Kristian Berg Harpviken. Opptaket er gjort under den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong.Les meir om Andre verdskrigen - natt i verda her: www.detnorsketeatret.no/framsyningar/…n-natt-verda/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Reportasje - Sandra Kolstad i kulissene til Songfuglen

    12/09/2016 Duration: 22min

    Bli med på ein prøvedag i framsyninga "Songfuglen" kor Sandra Kolstad er komponist. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Insititusjonen med Kaia Varjord og Amell Basic

    02/09/2016 Duration: 31min

    Insititusjonen med Kaia Varjord og Amell Basic by Det Norske Teatret Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • På scenekanten - Kjersti Dalseide og Preben Hodneland om Romeo og Julie

    22/08/2016 Duration: 10min

    Høyr Kjersti Dalseide og Preben Hodneland om rollene deira som Julie og Mercutio, i samtale med Åsne Dahl Torp. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Bjørn Eidsvåg og Frank Kjosås

    19/08/2016 Duration: 33min

    Ein laus samtale med Frank Kjosås og Bjørn Eidsvåg om korleis det står til ei veke før premierene på Songfuglen og Etterlyst: Jesus. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • "Postmannen og havet" frå Andre verdskrigen - natt i verda

    08/08/2016 Duration: 13min

    Postmannen og havet er eit utdrag frå den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda. Utrdaget er skrive av russiske Oleg Bogaev - èin av fire dramatikarar bak framsyninga. I utdraget høyrer du skodespelarane Paul-Ottar Haga, Svein Tindberg, Gjertrud Jynge, Kaia Varjord, Unn Vibeke Hol og Grethe Ryen. Les meir om Andre verdksrigen - natt i verda her: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/andre-verdskrigen-natt-verda/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Krigsdebatt - Krigens vondskap

    24/07/2016 Duration: 40min

    Ein debatt om krigens vondskap. I panelet: Hans Fredrik Dahl og Arne Johan Vetlesen. Opptaket er gjort under den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong.«Jeg er uskyldig» var dei siste orda Vidkun Quisling sa før han blir avretta 24. oktober 1945. Partiføraren i Nasjonal Samling var viss på at han ville dø martyrdøden – som eit offer i ei høgare politisk-religiøs saks teneste. Om ein handlar i god tru, kan det da vere vondskap? Og er det riktig å tilgje menneske som gjer forferdelege gjerningar?Hans Fredrik Dahl er historikar og professor ved Universitetet i Oslo. Han har brei kjennskap til andre verdskrigen, og har skrive biografien om Quisling. I tillegg har han skrive om den norske nasjonalsosialismen, og boka Norsk krigsleksikon.Arne Johan Vetlesen er filosof og professor ved Universitetet i Oslo. Han har mellom anna gitt ut boka Studier av ondskap der han tek for seg omgrepet vondskap med utgangspu

  • Krigsdebatt - Antisemittisme

    18/07/2016 Duration: 40min

    Ein debatt om antisemittisme. I panelet: Marte Michelet, Håkon Harket og Anne Sender. Opptaket er gjort under den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong. Marte Michelet er journalist og forfattar. I 2014 gav ho ut boka Den største forbrytelsen, om ofre og gjerningsmenn i det norske holocaust. For boka fekk Michelet Brageprisen 2014 for beste dokumentarbok.Håkon Harket er idéhistorikar, forfattar og forleggjar. Han har skrive om jødisk historie og sionismens opphav i boka Jødehat (2005). I 2014 kom boka Paragrafen : Eidsvoll 1814 som handlar om den såkalla «jødeparagrafen» som hindra jødar å komme til Noreg.Anne Sender er forfattar, pedagog og bistandsarbeidar. Frå 2005 til 2011 var ho forstandar for Det Mosaiske trossamfunn i Oslo. I 2013 fekk ho Brobyggerprisen, og i 2014 Fritt Ords Pris. Ho gav ut boka Vår jødiske reise på Cappelen Damm i 2013. Sender er no sekretariatsleiar i Samarbeidsrådet for tro

  • Krigsdebatt - Forteljingar om krig

    03/07/2016 Duration: 34min

    Ein debatt om forteljingar om krig. I panelet: Sidsel Wold og Rune OttosenOpptaket er gjort under den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong. Korleis fortelje sant frå ein krigssone? Journalistane er vår kjelde til kunnskap i krig. I mange tilfelle vil deira skildring vere skilnaden på engasjement og likegyldigheit frå mediar, myndigheiter og befolkning. Korleis har journalistrolla utvikla seg frå andre verdskrigen og til dagens krigar og konfliktar? Kva for dilemma møter ein, og korleis fortelje objektivt når du står midt i grufulle hendingar? Sidsel Wold er journalist og forfattar. Frå 2007-2011 var for utanrikskorrespondent i Midtausten for NRK. Wold har gitt ut fleire bøker, sist kom Landet som lovet alt: Min israelske reise (2015) på Spartacus.Rune Ottosen er professor i journalistikk ved HiOA. Han har forska på journalistikk og krig, og er med i forskingsgruppa «Narrativer om krig i journalist

  • Krigsdebatt - Kunst og krig

    24/06/2016 Duration: 30min

    I dette opptaket er temaet kunst og populærkultur som tek verkelege hendingar inn i fiksjonen. I panelet: John McNicol, Erik Ulfsby, Lars Ramberg og Agnes Moxnes.Opptaket er gjort under den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong.John McNicol er universitetslektor ved UiO, institutt for arkeologi, konservering og historie . Han underviser mellom anna i emnet «Historie på film», om kva som skjer når populærkulturen går inn på historiefeltets domene.Lars Ramberg er kunstnar. I samband med framsyninga Andre verdskrigen – natt i verda, okkuperte han det offentlige rommet på Det Norske Teatret med kunstprosjektet HEIL. Erik Ulfsby er teatersjef på Det Norske Teatret, og har regi på framsyning Andre verdskrigen – natt i verda.Samtaleleiar: Agnes Moxnes er journalist og kulturkommentator i NRK.Les meir om Andre verdskrigen her: www.detnorsketeatret.no/framsyningar/…n-natt-verda/ Hosted on Acast. See acast.com/

  • Å bli ein annan - samtale med skodespelarane frå boklanseringa

    23/05/2016 Duration: 33min

    Forfattar Bår Stenvik i samtale med Ane Dahl Torp, Eldar Skar, Helen Vikstedt, Kristofer Hivju og Juni Dahr om kva eitt år i hælane på seks skodespelarar kan lære deg om film, teater – og livet sånn generelt.Kva hender før ein skodespelar går på scenen eller framføre kamera? Korleis blir eit menneske tilsynelatande eit anna? Kvifor er skodespelarar mellom dei mest mytologiserte yrkesgruppene i samfunnet? Og kva kan vi andre lære av dei? For å finne svar følgde forfattar Bår Stenvik seks skodespelarar i arbeidet med dokumentarboka Å bli en annen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Teatersjef Erik Ulfsby om haustrepertoaret 2016

    07/04/2016 Duration: 16min

    Teatersjef Erik Ulfsby om haustrepertoaret 2016 by Det Norske Teatret Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

page 4 from 4